Onsdagsopptur med onsdagssopptur
av Jan Tore Skråmestø
Plukker i skoven du ukendte svampe
Du har sett dei i korger utanfor restaurantane i Italia, og i august/september er sjansen stor for at du finn dei i ein skog nær deg.
Boletus edulis – steinsopp/porcini/Penny Bun/King Bolete – er mellom dei flottaste matsoppane i verda, men er samstundes eit kappløp med snigl, larver og rørsoppsnylter som alle vil ha ein bit. Lite er så skuffande som å finna eit tilsynelatande perfekt eksemplar som viser seg å vera fullstendig oppeten innanfrå.

Saa lad først lillebror smake derpaa
Steinsopp er lett å kjenna att. Stuttjukk og klumpete fot , eit finmaska kvitt årenett øvst på stilken og rør under hatten. Om du bommer har du antakeleg tatt ein skrubb som også er ein god matsopp, eller i verste fall gallerørsopp, som antakeleg er det beiskaste du nokon gong har smakt, men er ikkje særleg giftig.
Disclaimer: Soppsanking er kjekt, men du skal vita kva du gjer. Enkelte artar kan vera dødeleg giftige. Bruk aldri sopp du ikkje er 100 prosent sikker på kva er.

Dersom han dør under skrigen og krampe
I maten kan den milde, nøtteliknande smaken heva eit godt måltid til fantastisk – prøv i omelett, i pasta og til fisk. Tørka vert aromaen veldig konsentrert og kan få preg av buljong og mjølkesjokolade. Om du er veldig interessert (og har plass) kan ein sopptørkar vera ein kjekk investering, om ikkje går det fint med steikeovn på 50 grader med døra på gløtt slik at fuktigheita kjem ut. La stå til soppen er tørr som kjeks og putt på glas – heldt seg lenge.

Bør du selv lade svampene staa
(Poul Sørensen)
I september skal vi snakka om traktkantarell, giftslørsopp og nyretransplantasjon.