av Jan Tore Skråmestø
På jakt etter autentiske matopplevingar, er det lite som slår å handla satay hjå hyggjelege damer langs vegkantane på Bali. Eit måltid som gjerne inneber at du lukter grillrøyk, blir nesten påkøyrd og blir mett på gode smaker for under 10 kroner. Svinesatay - Sate babi - er himmelsk og verd ein eigen oppskrift no når ribbe-på-tilbod-tida nærmar seg. Her kjem gris med vedunderleg smak av "julekrydder," sødme og chilistyrke.