av Jonas Zackrisson Torp Det å våkne opp, lage seg litt økologisk, fairtrade presskanne-kaffe og bla igjennom norske nettaviser har en stund vært en fin rutine. I dag skjer dette klokken 11.30, noe som er i vel seneste laget spesielt ettersom min time i mikrobiologi startet klokken 09.00. Nrk.no fronter en artikkel med overskrift; se den elleville grunnlovs-rappen. Lett valg av underholdning til kaffen. TIL DOVRE FALLER rappes det av unge barn kledd i 1814-klær. Mens sangen går merker jeg hvor uvant kroppen min føler seg og tenker tilbake på i går. Jeg spiser flatbrød med smør fra Røros til frokost.
0 Comments
av Jan Tore Skråmestø Kva veg eit instagram?Nettet fløymer over av matfoto, og sjølv mobiltelefoner kan levera bilete av imponerande kvalitet. Å skilja seg ut med bilder andre finn glede av kan likevel vera vanskeleg. Frå ein autodidakt med stor eksperimentvilje, tålmod, digert minnekort og disiplin til å sletta det meste kjem her nokre tips eg håpar andre finn nyttig:
av Jan Tore Skråmestø Å smake spekenI ei tid der butikkane bugnar av billeg gris, pleier eg nytta høvet til å bli sjølvforsynt med pancetta, eller urøykt bacon, om du vil. 20 minuttar arbeid og 4 veker utålmodig venting kan få deg til å sverga på at du aldri går tilbake til kjøpebacon. Dette er ein modifisert versjon av ei oppskrift eg fann hjå ordentligmat.no. Finn deg ei tynnribbe på ca 2,5 kg. Fjern bein og svor så elegant som mogleg. Bland 60g nitrittsalt* (kjøp hjå slaktar) 2ss pepar 2ss sukker 2ss timian 4-5 einebær 5 fedd kvitløk Knus alt saman i mortar og gni inn i ribba. Legg i plastpose, spa også i resten av krydderblandinga du sølte på benken under forrige steg. Knyt att posen, ha i kjøleskap. Snu posen ein gong i døgnet i 7 dagar. Skyll, tørk grundig og gni inn stykket med grovmalt pepar. Heng med hyssing ein kjøleg stad. av Jan Tore Skråmestø På jakt etter autentiske matopplevingar, er det lite som slår å handla satay hjå hyggjelege damer langs vegkantane på Bali. Eit måltid som gjerne inneber at du lukter grillrøyk, blir nesten påkøyrd og blir mett på gode smaker for under 10 kroner. Svinesatay - Sate babi - er himmelsk og verd ein eigen oppskrift no når ribbe-på-tilbod-tida nærmar seg. Her kjem gris med vedunderleg smak av "julekrydder," sødme og chilistyrke.
Traktkantarellav Jan Tore Skråmestø Der vanleg kantarell formeleg står i skogen og roper, har den anonyme fetteren ein meir diskret, men du verden så elegant framtoning. Akkurat no er traktkantarellen i ferd med å spretta opp, og om du beveger deg på mosekledd skogbotn er sjansen stor for at du trakkar på ein. Godt kamuflert, men lett å sjå når du først har lært å kjenna dei igjen.
Lysing, kantareller og grønnkål |