Traktkantarell
av Jan Tore Skråmestø
Der vanleg kantarell formeleg står i skogen og roper, har den anonyme fetteren ein meir diskret, men du verden så elegant framtoning. Akkurat no er traktkantarellen i ferd med å spretta opp, og om du beveger deg på mosekledd skogbotn er sjansen stor for at du trakkar på ein. Godt kamuflert, men lett å sjå når du først har lært å kjenna dei igjen.
Du skal få ein idiotsikker identifiseringsnøkkel, men først ei åtvaring:
På same vekstplassar som traktkantarellen kjem ofte spiss giftslørsopp. I nokre vekstfasar kan dei minna om kvarandre og veksa tett i tett – soppen er vanleg på vestlandet – som oftast kanelbrun med ein «pupp» oppå hatten. Ligg unna denne. Om du ved eit uhell får ein i korga saman med dagens fangst så gje slepp på all byrgskap og kast alt saman. Nyrene dine vil takka deg.

Kombinasjonen av to kjenneteikn gjer traktkantarellen lett å identifisera. Han har hul stilk og overlappande ribber i staden for skiver under hatten. Der vanleg kantarell kan ta stor plass i matrettar, har traktkantarell også her ein meir lågmælt stil – mild duft og fyldig, litt meir jordleg smak. Perfekt som ein ekstra dytt i ein raudvinssaus som nesten er perfekt, nydeleg som subtil smaksforsterkar i pizzasaus, eller tørka, knust i neven og strødd som krydder på pasta.