av Jan Tore Skråmestø
Kva veg eit instagram?
Nettet fløymer over av matfoto, og sjølv mobiltelefoner kan levera bilete av imponerande kvalitet. Å skilja seg ut med bilder andre finn glede av kan likevel vera vanskeleg. Frå ein autodidakt med stor eksperimentvilje, tålmod, digert minnekort og disiplin til å sletta det meste kjem her nokre tips eg håpar andre finn nyttig:
Kjenn utstyret ditt - enten det er eit mobil-, kompakt- eller systemkamera finns det innstillingar som kan styrast. Blitz er veldig upopulært på restauranter - kan du stilla opp lysfølsomheten slik at du kan ta bilder utan? Kan du bruka dei manuelle innstillingane slik at det du vil er i fokus? Hugs at du må jobba raskt ellers blir maten kald og du blir fort sosialt stigmatisert av din medspisar.
Lyset er din ven - nytt deg av lys frå vindauger eller lamper. Eksperimentér gjerne med motlys og sidelys, og sjå om du ser skilnad:
Når lyset ikkje er din ven kan ein serviett vera det. Eller menyen. Dersom lyset er skarpt kan du bruka ein serviett til å dempa det. I skarpt lampelys kan du bruka til dømes menyarket til å reflektera eit jamnare lys på retten. Om du vel å bruke blitz, kan du dempa denne ved å halda ein serviett inntil:
Ver bevisst på kva detaljar du vil formidle. Her kan du eksperimentera med selektiv fokus, vinklar og avstand. Auga "liker" linjer som er plassert litt utanfor sentrum av eit foto - søk opp "det gylne snitt" om du vil læra nyttige tips om komposisjon.
Ta ein tur på kjøkkenet for variasjon og action.
Ikkje gløym å leike: