av Jan Tore Skråmestø
Førestill deg ein restaurant i Michelinguiden der bordbestillinga består i at du sit deg på ein krakk utanfor restauranten og ei søt jente kjem ut med ein handskriven kølapp til deg, der det er forventa at du har med eigne serviettar, der drikkemenyen er to typar te (og ho som heller i gjerne veltar koppen i fanget på deg), og som lar deg sjølv velta stappmett ut med eit smil etter ein intens time. For under 100 kroner kan ein oppleva dette på One Dim Sum.