Erkefransk bistrostyle - frå drua som ga deg Beaujolais...
av Jan Tore Skråmestø
Eg fryktar at denne posten er i seinaste laget, men om du befinn deg ein stad der 2013 framleis har ein dag igjen med 18 grader, ein grill og eit stykke kjøt, så heng med...
I Beaujolais opptrer drua gamay som lett og jordbæraktig, og om ein vil vera slem, som ein raud kvitvin. Med tilsetning av sukker og framande gjærtyper har Beaujolais fått eit tvilsamt rykte, noko som tradisjonelle produsentar som J P Brun strittar mot, men det får bli ein annan post.
Domaine du Chaillot Châteaumeillant Parenthèse 2010
Triveleg kompromiss mellom sommarleg behov for friskleik, og naudsynt substans til å tåla grilla lammefilet. Solbær, svart pepar og nyslått gras på snute, masse pepar og frisk syre på smak. Til 160 kroner er dette eit spanande uventa møte med gamay. Terroir/jordsmonn in action eller postproduksjon hjå vinmakeren?